Korleis oppdaterer eg Castopod?
Når du har installert Castopod, kan det vera lurt å oppdatera nettstaden din til siste versjonen for å få nye funksjonar, ✨, feilrettingar 🐛 og betre yting ⚡.
Korleis du oppdaterer
-
⚠️ Før du oppdaterer, rår me sterkt til at du tek ein tryggingskopi av filene og databasen til Castopod.
-
Gå til utgjevingssida og sjå om nettstaden din er oppdatert til den siste utgåva av Castopod
-
Last ned den siste utgåva som heiter
Castopod Package
, du kan velja mellomzip
- ellertar.gz
-arkiv- ⚠️ Pass på at du lastar ned Castopod-pakka, og IKKJE kjeldekoden
- Hugs at du kan lasta ned den nyaste programpakka frå castopod.org
-
Gjer dette på tenaren din:
-
Slett alle filene utanom
.env
ogpublic/media
-
Kopier dei nye filene frå den nedlasta programpakka over til tenaren din
-
-
Oppdater databaseskjemaet ditt på
Castopod admin
>Om
-sida, eller ved å køyra: -
Tøm mellomlageret på
Castopod admin
>Innstillingar
>generelt
>Opprydding
-
✨ No er du ferdig og kan bruka den flotte nye nettstaden din!
Heilautomatiske oppdateringar
Kjem snart… 👀
Vanlege spørsmål (FAQ)
Kvar finn eg Castopod-versjonsnummeret?
Gå til styringspanelet for Castopod. Versjonsnummeret står nede i venstre hjørna.
Eventuelt kan du finna versjonsnummeret i app > Oppsett > Constants.php
-fila.
Eg har ikkje oppdatert på lenge… Kva skal eg gjera?
Ingen problem! Berre få tak i siste utgåva som skildra over. Hugs berre å utføra utgjevingsinstruksjonane (4) i rekkjefylgje frå eldst til nyast.
Du bør truleg tryggingskopiera nettstaden din, avhengig av kor lenge sidan det er du oppdaterte Castopod.
Viss du til dømes er på v1.0.0-alpha.42
og vil oppgradera til v1.0.0-beta.1
:
-
(stekt tilrådd) Ta ein tryggingskopi av filene og databasen din.
-
Last ned siste utgåva, erstatt alle filene utanom
.env
ogpublic/media
. -
Gå gjennom alle oppdateringsinstruksane frå eldst til nyast. Start med
v1.0.0-alpha.43
,v1.0.0-alpha.44
,v1.0.0-alpha.45
, …,v1.0.0-beta.1
. -
✨ Ferdig!
Bør eg tryggingskopiera før eg oppdaterer?
Gjer det, slik at du ikkje mistar alt viss noko går gale!
Generelt rår me til at du tek tryggingskopi av Castopod-filene og databasen din slik at du ikkje mistar alt…