Korleis installerer eg Castopod?
Det er meininga at Castopod skal vera lett å installera. Uansett om du bruker eige eller delt vevhotell, kan du installera på dei fleste maskiner som har PHP og MySQL.
Notat
Me har laga offisielle Docker-biletfiler for Castopod!
Viss du helst vil bruka Docker, kan du hoppa over dette og gå rett til docker-dokumentasjonen for Castopod.
Krav
- PHP v8.1 eller nyare
- MySQL versjon 5.7 eller nyare, eller MariaDB versjon 10.2 eller nyare
- Støtte for HTTPS
- Ei ntp-synkronisert klokke for å stadfesta innkomande førespurnader frå allheimen
PHP v8.1 eller nyare
Du treng PHP versjon 8.1 eller nyare, og mde desse tillegga:
I tillegg må du passa på at desse utvidingane er skrudde på i PHP-installasjonen din:
- json (vanlegvis aktivt - ikkje skru det av)
- xml (vanlegvis aktivt - ikkje skru det av)
- mysqlnd
MySQL-kompatibel database
Me tilrår MariaDB.
Åtvaring
Castopod verkar berre med databasar som støttar MySQL 5.7 eller nyare. MySQL 5.6 eller eldre vil ikkje fungera, ettersom den versjonen vart forelda 5. februar 2021.
Du treng vertsnamnet til tenaren, databasenamnet, brukarnamnet og passordet til databasen for å fullføra installeringa. Viss du ikkje har desse, må du kontakta administratoren for tenarmaskina di.
Tilgangsrettar
Brukaren må minst ha desse tilgangsrettane på databasen for at Castopod skal fungera: CREATE
, ALTER
, DELETE
, EXECUTE
, INDEX
, INSERT
, SELECT
, UPDATE
, REFERENCES
, CREATE VIEW
.
(Eventuelt) FFmpeg v4.1.8 eller nyare for filmklypp
Du treng FFmpeg versjon 4.1.8 viss du vil laga filmklypp. Desse utvidingane må vera installerte:
- FreeType 2-biblioteket for gd.
(Eventuelt) Andre tilrådingar
- Redis for betre bufring.
- Innhaldsnettverk (CDN) for å bufra statiske filer og betra ytinga.
- Epostløysing for å nullstilla passord.
Korleis du installerer
Føresetnader
Få tak i ein vevtenar som fyller krava
Lag ein MySQL-database for Castopod der brukaren har tilgangs- og endringsløyve (les meir om MySQL-database).
Ta i bruk HTTPS på domenet ditt ved hjelp av eit SSL-sertifikat.
Last ned og pakk ut den nyaste Castopod-pakka på vevtenaren din, om du ikkje allereie har gjort det.
- ⚠️ Set dokumentrota til vevtenaren til undermappa
public/
icastopod
-mappa.
- ⚠️ Set dokumentrota til vevtenaren til undermappa
Lag cron-oppgåver på vevtenaren din for ulike bakgrunnsprosessar (byt ut stiane så dei passar til oppsettet ditt):
* * * * * /sti/til/php /sti/til/castopod/spark tasks:run >> /dev/null 2>&1
Hugs - Viss du ikkje legg til denne cron-oppgåva, vil ikkje dei fylgjande Castopod-funksjonane verka:
- Å importera ein podkast frå ei eksisterande RSS-kjelde
- Å kringkasta sosiale aktivitetar til fylgjarane dine på allheimen
- Å kringkasta episodane dine til opne nettverk med WebSub
- Å laga filmklypp - krev FFmpeg
(Tilrådd) Autoinstallering
- Køyr Castopod-installasjonen ved å gå til autoinstalleringssida (
https://domenet_ditt.no/cp-install
) i nettlesaren din. - Fylg framgangsmåten på skjermen.
- Start å podkasta!
Notat
Installasjonsskriptet lagar ei.env
-fil i rotmappa til pakka. Viss du ikkje kan gå gjennom den rettleidde installeringa, kan du laga og redigera ei .env
-fil manuelt basert på .env.example
-fila.
Using CLI
Create a
.env
file in the package root based on the.env.example
file.Initialize the database using:
php spark install:init-database
Create the superadmin user using:
php spark install:create-superadmin
Head on to your admin gateway to start podcasting!
Epost/SMTP-oppsett
Epostoppsett er naudsynt for at nokre av funksjonane skal verka skikkeleg (td. epostar for å nullstilla passord, senda rettleiingar til abonnentar oa.)
Du kan skriva inn epostoppsettet for nettstaden din i .env
-fila slik som dette:
# […]
email.fromEmail="epostadressa_di"
email.SMTPHost="smtp-tenaren_din"
email.SMTPUser="smtp-brukaren_din"
email.SMTPPass="passordet_ditt"
Val for epostoppsett
Variabelnamn | Type | Standardval |
---|---|---|
fromEmail | streng | udefinert |
fromName | streng | "Castopod" |
SMTPHost | streng | udefinert |
SMTPUser | streng | udefinert |
SMTPPass | streng | udefinert |
SMTPPort | tal | 25 |
SMTPCrypto | ["tls" eller "ssl" ] | "tls" |
Lagring av media
Mediefiler blir lagra i mappa public/media
i filsystemet som standard. Viss du må flytta mappa media
til ein annan stad, kan du skriva det inn i .env
-fila som vist under:
# […]
media.root="media"
media.storage="/mnt/storage"
I dette dømet blir filene lagra i mappa /mnt/storage/media Pass på at du oppdaterer vevtenaroppsettet med denne endringa.
S3
Viss du helst vil lagra mediefilene dine på ei S3-kompatibel lagringseining, kan du skriva det inn i .env
-fila di:
# […]
media.fileManager="s3"
media.s3.endpoint="s3_verten_din"
media.s3.key="s3_nykjelen_din"
media.s3.secret="s3_løyndomen_din"
media.s3.region="s3_regionen_din"
Oppsettsval for S3
Variabelnamn | Type | Standardval |
---|---|---|
endpoint | streng | udefinert |
nykjel | tekst | udefinert |
løyndom | tekst | udefinert |
region | tekst | udefinert |
bytte | tekst | castopod |
protokoll | tal | udefinert |
stilendepunkt | boolsk | usant |
keyPrefix | tekst | udefinert |
Pakker frå brukarsamfunnet
Viss du ikkje vil bry deg med å installera Castopod manuelt, kan du bruka ei av pakkene som brukarsamfunnet har laga.
Installer med Yunohost
Yunohost er ein Linux-distribusjon som er bygd på Debian GNU/Linux og som inneheld frie og opne program. Yunohost tek seg av det meste som har med oppsett av eigen vevtenar å gjera.