Velkomen 👋

![release-badge] ![license-badge] ![contributions-badge] ![semantic-release-badge] ![crowdin-badge] ![discord-badge] ![stars-badge]

Castopod er ei open og gratis løysing for dei som vil køyra si eiga podkasting-plattform, og for podkastarar som vil engasjera og samhandla med publikum.

Castopod er lett å installera og er bygd på CodeIgniter4, eit kraftig PHP-rammeverk med små systemkrav.

Funksjonar

  • 🌱  Fri og open (AGPL v3-lisens)
  • 🔐  Legg vekt på at du eig dine eigne data: innhaldet, publikum og analysedata høyrer deg til, og berre deg
  • 🪄  Podkasting 2.0-funksjonar: GUID, låsing, transkripsjonar, finansiering, kapittel, plassering, personar, lydbetar, …
  • 💬  Innebygd sosialt nettverk:
    • 🚀  Castopod er ein del av fødiverset, som er eit desentralisert sosialt nettverk
    • ❤️  Skriv innlegg, del dei, favorittmerk dei, og kommenter episodane
  • 📈  Innebygde analyseverkty:
    • ⚖️  Fylgjer GDPR / CCPA / LGPD
    • 🪙  Standard IABv2-publikumsmåling
    • 🏡  Eigen analyse, heilt utan utanforståande tredjepartar
  • 📢  Innebygd marknadsføring:
    • ✅  Søkjemotorvenleg (open-graph meta-knaggar, JSON-LD, …)
    • 📱  PWA: installer som frittståande app
    • 🎨  Bruk eigne fargar
    • 🎬  Lag og del filmklypp frå episodane
    • 🔉  Lag lydbetar
    • ▶️  Innbyggbar spelar, så du kan spela episodane dine på ein kvar nettstad
  • 💸  Ten pengar:
    • 🔗  Donasjonslenker
    • 📲  lytt-for-å-klikka-annonsar
    • 🤝  value4value / WebMonetization
    • 💎  Betalte podkastar
  • 📡  Kringkast episodane dine kvar som helst med RSS:
    • 📱  På alle indeksar og appar: Podcast Index, Apple Podcasts, Spotify, Google Podcasts, Deezer, Podcast Addict, Podfriend, …
    • ⚡  Kringkast episodane dine straks med WebSub
  • 📥  Podkastimport: Flytt podkasten din til Castopod
  • 📤  Flytt podkasten din bort frå Castopod
  • 🔀  For fleire: Ver vertskap for så mange podkastar du vil
  • 👥  Fleirbrukar: legg til bidragsytarar og lag roller for dei
  • 🌎  i18n-støtte: Omsett til nynorsk, engelsk, fransk, polsk, tysk, brasiliansk portugisisk & spansk… med fleire språk på veg!

Kvifor Castopod?

Podkasting-økosystemet er desentralt av natur: Du kan laga podkasten din som ei RSS-fil, leggja han ut på nettet, og få delt han overalt.

Det er faktisk det einaste mediet som har vore slik i lang tid.

Ettersom bruken av podkastar utviklar seg, er det fleire som startar med podkasting; anten det er produsentar som leitar etter nye måtar å dela ideane sine på, eller det er lyttarar som leitar etter betre podkastar å høyra på.

Når podkasting no har vorte meir populært, er det fleire firma som prøver å gjera det til eit kontrollert og sentralisert medium.

Castopod vart laga som ein freistnad på å gje eit ope og framhaldande alternativ til å leggja ut podkastane dine, med vekt på desentralisering slik at podkastarar kan uttrykkja seg utan å binda seg til ei bestemt løysing.

Prosjektet er støtta av brukarmiljøa bak open kjeldekode, særleg Allheimen og Podcasting 2.0-rørslene.

Samanlikning med andre løysingar

Me trur at ingen løysingar er perfekt for alle, det kjem an på kva du treng. Difor får du her samanlikningar med andre verktøy, slik at du kan finna ut om Castopod passar for deg.

Castopod og Wordpress

Castopod blir ofte kalla "Wordpress for podkastar" fordi det er ein del likskapar mellm dei to. Det er delvis sant. Faktum er at Castopod har henta mykje inspirasjon frå Wordpress-økosystemet. Me såg kor lett Wordpress var å ta i bruk, og kor mange nettstader og nettsamfunn som bruker det.

Til liks med Wordpress er Castopod gratis og open programvare, laga med PHP og ein MySQL-database, og pakka saman på ein slik måte at du lett kan installera det på dei fleste vevtentarar.

Worpress er ein flott måte å laga din eigen nettstad på, samt utvida han med tillegg slik at han gjer det du ynskjer. Det er eit komplett innhaldsstyringssystem for å laga kva som helst type nettstad.

Castopod er derimot meint som ei løysing for dei som lagar podkastar, og legg difor vekt på podkasting og ingenting anna. Du treng ingen programtillegg for å starta på den vedunderlege podkastreisa di.

På denne måten kan me laga program som passar spesielt til podkasting, alt frå å laga podkastar til å publisera nye episodar til å kringkasta, marknadsføra og analysera dei.

Til slutt: Wordpress og Castopod kan leva side om side på nettstaden din om du treng det, sidan dei har same systemkrava!

Castopod og Funkwhale

Funkwhale er ein musikktenar du kan køyra sjølv på din eigen vevtenar. Akkurat som Castopod er Funkwhale ein del av allheimen, som er eit sosialt nettverk spreidd over mange nettstader som kan samhandla med kvarandre.

Funkwhale vart fyrst laga for musikk. Seinare, etter kvart som prosjektet utvikla seg, vart det mogleg å leggja ut podkastar òg.

Til skilnad frå Funkwhale er Castopod utforma og utvikla berre for podkastar. Det tyder at det er lettare å ta i bruk funksjonar tilknytt podkast-økosystemet, slik som podkasting 2.0-funksjonar (transkripsjonar, kapittel, plasseringar, personmerking …).

Det tyder at du truleg bør bruka Funkwhale om du vil ha ein stad til musikken din, og Castopod dersom du vil ha ein stad til podkastane dine.

Castopod og andre podkastvertar

Det er mange løysingar for deg som vil ha ein eigen nettstad til podkastar. Nokre av dei er verkeleg flotte, og mange av dei hoppar på podkastin 2.0-toget, nett som Castopod!

Kvar av desse løysingane er ulike, og du kan samanlikna kva funksjonar dei har.

Når det er sagt, er det to hovudskilnader mellom Castopod og andre podkastløysingar:

  • Du kan køyra Castopod på di eiga tenarmaskin, og det er den einaste løysinga som gjev deg full kontroll over det du lagar. Og fordi Castopod er open kjeldekode, kan du endra løysinga slik du treng.

  • Castopod er den einaste løysinga no som både koplar til eit desentralt sosialt nettverk med Activitypub og som har mange av podkasting 2.0-løysingane. Me tek sikte på å kopla dei to tettare saman.

Bidra til Castopod

Likar du Castopod og kunne tenkja deg å hjelpa til? Les denne dokumentasjonen for å koma i gang.

Ordensreglar

Castopod har laga retningsliner for åtferd som me ventar at prosjektdeltakarar held seg til. Les gjerne CODE_OF_CONDUCT-retninglinene så du veit kva slags åtferd me godtek og ikkje.

Korleis bidra

Les gjerne korleis du bidreg for å læra korleis me utviklar Castopod, korleis me føreslær rettingar og forbetringar, og korleis me byggjer og prøver ut endringar i programmet.

Bidragsytarar ✨

Mange takk til dei flotte folka på (emoji key):

Yassine Doghri
Yassine Doghri

💻 🐛 📖 👀 🚧 🖋 🎨 ️️️️♿️ 🌍 💬 🧑‍🏫 🚇 🤔 📆 📝
Benjamin Bellamy
Benjamin Bellamy

💻 🐛 👀 🖋 🌍 💬 🚇 🤔 📝 📆 📢
Ola Hneini
Ola Hneini

💻 👀 📖 🚧 💬 🤔
Romain de Laage
Romain de Laage

💻 🚇 📖 🌍 🤔
Lyonel Bernard
Lyonel Bernard

🐛 💬 🔊 🤔
Christopher Lagonick-Weitzel
Christopher Lagonick-Weitzel

🐛 💬 🔊 🤔
Ernesto Acosta
Ernesto Acosta

🐛 🔊 🌍 💬 🤔
Ewen
Ewen

🌍 🤔 💻
Bastien Luneteau
Bastien Luneteau

💻 🐛
Cécile Ricordeau
Cécile Ricordeau

🎨
Patryk Miś
Patryk Miś

🌍
Marcin Lewandowski
Marcin Lewandowski

🐛 🤔
Sebastian Janik
Sebastian Janik

💻
Patryk Karczmarczyk
Patryk Karczmarczyk

💻
denis d
denis d

🐛 🤔
Douglas Kastle
Douglas Kastle

🐛 🤔
cExplorer
cExplorer

🐛 🌍
ImaCrea
ImaCrea

🐛 🤔
Jonas S
Jonas S

💻
LEFEBVRE Yann
LEFEBVRE Yann

🐛
Sebastian Späth
Sebastian Späth

🐛 🤔
rocky III
rocky III

🐛
Hermann Josef Eckl
Hermann Josef Eckl

🐛
Delhaye Cyrille
Delhaye Cyrille

🐛 🤔
João Leandro
João Leandro

🌍 🤔
Angelos Chouvardas
Angelos Chouvardas

🌍
Eivind
Eivind

🌍
forght
forght

🌍
glottis0q
glottis0q

🌍
ButterflyOfFire
ButterflyOfFire

🌍
Lucian I. Last
Lucian I. Last

🌍
LuuzViir
LuuzViir

🌍
CTHTC
CTHTC

🌍
Russian Retro
Russian Retro

🌍
Marek L'ach
Marek L'ach

🌍
GunChleoc
GunChleoc

🌍
GabiSnow
GabiSnow

🌍
bendaha
bendaha

🌍
Samuel Roland
Samuel Roland

🌍
Dimitri Regnier
Dimitri Regnier

🤔
irithys
irithys

🌍
Sergi
Sergi

🌍
ghose (XoseM)
ghose (XoseM)

🌍
Andreas Olsson
Andreas Olsson

🌍
leonfrom
leonfrom

🌍
agentcobra
agentcobra

🌍
Alessandro
Alessandro

🌍
liimee
liimee

🌍
Ahmed Sabouni
Ahmed Sabouni

🌍
KrzysztofDomanczyk
KrzysztofDomanczyk

💻
Guy Martin
Guy Martin

🐛 💻

Dette prosjektet fylgjer all-contributors-spesifikasjonen. Me er glade for alle slags bidrag!

Kontakt

Du kan spørja om hjelp eller kva som helst andre spørsmål på:

  • Discord (for å prata direkte med utviklarane og brukarmiljøet)
  • Feilmeldinga (for å føreslå nye funksjonar og melda feil)

Alternativt kan du fylgja oss på sosiale media for å få nytt om Castopod:

Sponsorar

Utviklinga av Castopod er mogleg på grunn av bidrag frå sponsorar og bidragsytarar. Viss du vil hjelpa til, bed me deg vurdera å sponsa utviklinga av Castopod.

Ad Aures LogoNLnet Logo

Lisens

GNU Affero General Public-lisensen v3.0

Copyright © 2020-d.d., Ad Aures. https://img.shields.io/gitlab/v/release/2?color=brightgreen&gitlab_url=https%3A%2F%2Fcode.castopod.org%2F&include_prereleases&label=releasehttps://img.shields.io/github/license/ad-aures/castopod?color=bluehttps://img.shields.io/badge/contributions-welcome-brightgreen.svghttps://img.shields.io/badge/ 📦🚀-semantic--release-e10079.svghttps://img.shields.io/github/stars/ad-aures/castopod?style=social