Korleis installerer eg Castopod?
Det er meininga at Castopod skal vera lett å installera. Uansett om du bruker eige eller delt vevhotell, kan du installera på dei fleste maskiner som har PHP og MySQL.
Krav
- PHP v8.3 eller nyare
- MySQL versjon 5.7 eller nyare, eller MariaDB versjon 10.2 eller nyare
- Støtte for HTTPS
- Ei ntp-synkronisert klokke for å stadfesta innkomande førespurnader frå allheimen
PHP v8.3 eller nyare
Du treng PHP versjon 8.3 eller nyare, og mde desse tillegga:
I tillegg må du passa på at desse utvidingane er skrudde på i PHP-installasjonen din:
- json (vanlegvis aktivt - ikkje skru det av)
- xml (vanlegvis aktivt - ikkje skru det av)
- mysqlnd
MySQL-kompatibel database
Me tilrår MariaDB.
Du treng vertsnamnet til tenaren, databasenamnet, brukarnamnet og passordet til databasen for å fullføra installeringa. Viss du ikkje har desse, må du kontakta administratoren for tenarmaskina di.
Tilgangsrettar
Brukaren må minst ha desse tilgangsrettane på databasen for at Castopod skal
fungera: CREATE
, ALTER
, DELETE
, EXECUTE
, INDEX
, INSERT
, SELECT
,
UPDATE
, REFERENCES
, CREATE VIEW
.
(Eventuelt) FFmpeg v4.1.8 eller nyare for filmklypp
Du treng FFmpeg versjon 4.1.8 viss du vil laga filmklypp. Desse utvidingane må vera installerte:
- FreeType 2-biblioteket for gd.
(Eventuelt) Andre tilrådingar
- Redis for betre bufring.
- Innhaldsnettverk (CDN) for å bufra statiske filer og betra ytinga.
- Epostløysing for å nullstilla passord.
Korleis du installerer
Føresetnader
-
Få tak i ein vevtenar som fyller krava
-
Lag ein MySQL-database for Castopod der brukaren har tilgangs- og endringsløyve (les meir om MySQL-database).
-
Ta i bruk HTTPS på domenet ditt ved hjelp av eit SSL-sertifikat.
-
Last ned og pakk ut den nyaste Castopod-pakka på vevtenaren din, om du ikkje allereie har gjort det.
- ⚠️ Set dokumentrota til vevtenaren til undermappa
public/
icastopod
-mappa.
- ⚠️ Set dokumentrota til vevtenaren til undermappa
-
Lag cron-oppgåver på vevtenaren din for ulike bakgrunnsprosessar (byt ut stiane så dei passar til oppsettet ditt):
Terminal window * * * * * /sti/til/php /sti/til/castopod/spark tasks:run >> /dev/null 2>&1Hugs - Viss du ikkje legg til denne cron-oppgåva, vil ikkje dei fylgjande Castopod-funksjonane verka:
- Å importera ein podkast frå ei eksisterande RSS-kjelde
- Å kringkasta sosiale aktivitetar til fylgjarane dine på allheimen
- Å kringkasta episodane dine til opne nettverk med WebSub
- Å laga filmklypp - krev FFmpeg
(Tilrådd) Autoinstallering
- Køyr Castopod-installasjonen ved å gå til autoinstalleringssida
(
https://domenet_ditt.no/cp-install
) i nettlesaren din. - Fylg framgangsmåten på skjermen.
- Start å podkasta!
Med kommandolina
-
Lag ei
.env
-fil i rotmappa til pakka, basert på.env.example
-fila. -
Gjer klar databasen ved hjelp av:
Terminal window php spark install:init-database -
Lag superadmin-brukaren med:
Terminal window php spark install:create-superadmin -
Gå til styringspanelet for å byrja med podkasting!
Epost/SMTP-oppsett
Epostoppsett er naudsynt for at nokre av funksjonane skal verka skikkeleg (td. epostar for å nullstilla passord, senda rettleiingar til abonnentar oa.)
Du kan skriva inn epostoppsettet for nettstaden din i .env
-fila slik som
dette:
# […]
email.fromEmail="epostadressa_di"email.SMTPHost="smtp-tenaren_din"email.SMTPUser="smtp-brukaren_din"email.SMTPPass="passordet_ditt"
Val for epostoppsett
Variabelnamn | Type | Standardval |
---|---|---|
fromEmail | streng | udefinert |
fromName | streng | "Castopod" |
SMTPHost | streng | udefinert |
SMTPUser | streng | udefinert |
SMTPPass | streng | udefinert |
SMTPPort | tal | 25 |
SMTPCrypto | ["tls" eller "ssl" ] | "tls" |
Lagring av media
Mediefiler blir lagra i mappa public/media
i filsystemet som standard. Viss du
må flytta mappa media
til ein annan stad, kan du skriva det inn i .env
-fila
som vist under:
# […]
media.root="media"media.storage="/mnt/storage"
I dette dømet blir filene lagra i mappa /mnt/storage/media Pass på at du oppdaterer vevtenaroppsettet med denne endringa.
S3
Viss du helst vil lagra mediefilene dine på ei S3-kompatibel lagringseining, kan
du skriva det inn i .env
-fila di:
# […]
media.fileManager="s3"media.s3.endpoint="s3_verten_din"media.s3.key="s3_nykjelen_din"media.s3.secret="s3_løyndomen_din"media.s3.region="s3_regionen_din"
Oppsettsval for S3
Variabelnamn | Type | Standardval |
---|---|---|
endpoint | streng | udefinert |
nykjel | tekst | udefinert |
løyndom | tekst | udefinert |
region | tekst | udefinert |
bytte | tekst | castopod |
protokoll | tal | udefinert |
stilendepunkt | boolsk | usant |
keyPrefix | tekst | udefinert |
Pakker frå brukarsamfunnet
Viss du ikkje vil bry deg med å installera Castopod manuelt, kan du bruka ei av pakkene som brukarsamfunnet har laga.
Installer med Yunohost
Yunohost er ein Linux-distribusjon som er bygd på Debian GNU/Linux og som inneheld frie og opne program. Yunohost tek seg av det meste som har med oppsett av eigen vevtenar å gjera.