Skip to content

Korleis installerer eg Castopod?

Det er meininga at Castopod skal vera lett å installera. Uansett om du bruker eige eller delt vevhotell, kan du installera på dei fleste maskiner som har PHP og MySQL.

Krav

  • PHP v8.1 eller nyare
  • MySQL versjon 5.7 eller nyare, eller MariaDB versjon 10.2 eller nyare
  • Støtte for HTTPS
  • Ei ntp-synkronisert klokke for å stadfesta innkomande førespurnader frå allheimen

PHP v8.1 eller nyare

Du treng PHP versjon 8.1 eller nyare, og mde desse tillegga:

I tillegg må du passa på at desse utvidingane er skrudde på i PHP-installasjonen din:

  • json (vanlegvis aktivt - ikkje skru det av)
  • xml (vanlegvis aktivt - ikkje skru det av)
  • mysqlnd

MySQL-kompatibel database

Me tilrår MariaDB.

Du treng vertsnamnet til tenaren, databasenamnet, brukarnamnet og passordet til databasen for å fullføra installeringa. Viss du ikkje har desse, må du kontakta administratoren for tenarmaskina di.

Tilgangsrettar

Brukaren må minst ha desse tilgangsrettane på databasen for at Castopod skal fungera: CREATE, ALTER, DELETE, EXECUTE, INDEX, INSERT, SELECT, UPDATE, REFERENCES, CREATE VIEW.

(Eventuelt) FFmpeg v4.1.8 eller nyare for filmklypp

Du treng FFmpeg versjon 4.1.8 viss du vil laga filmklypp. Desse utvidingane må vera installerte:

  • FreeType 2-biblioteket for gd.

(Eventuelt) Andre tilrådingar

  • Redis for betre bufring.
  • Innhaldsnettverk (CDN) for å bufra statiske filer og betra ytinga.
  • Epostløysing for å nullstilla passord.

Korleis du installerer

Føresetnader

  1. Få tak i ein vevtenar som fyller krava

  2. Lag ein MySQL-database for Castopod der brukaren har tilgangs- og endringsløyve (les meir om MySQL-database).

  3. Ta i bruk HTTPS på domenet ditt ved hjelp av eit SSL-sertifikat.

  4. Last ned og pakk ut den nyaste Castopod-pakka på vevtenaren din, om du ikkje allereie har gjort det.

    • ⚠️ Set dokumentrota til vevtenaren til undermappa public/ i castopod-mappa.
  5. Lag cron-oppgåver på vevtenaren din for ulike bakgrunnsprosessar (byt ut stiane så dei passar til oppsettet ditt):

    Terminal window
    * * * * * /sti/til/php /sti/til/castopod/spark tasks:run >> /dev/null 2>&1

    Hugs - Viss du ikkje legg til denne cron-oppgåva, vil ikkje dei fylgjande Castopod-funksjonane verka:

    • Å importera ein podkast frå ei eksisterande RSS-kjelde
    • Å kringkasta sosiale aktivitetar til fylgjarane dine på allheimen
    • Å kringkasta episodane dine til opne nettverk med WebSub
    • Å laga filmklypp - krev FFmpeg

(Tilrådd) Autoinstallering

  1. Køyr Castopod-installasjonen ved å gå til autoinstalleringssida (https://domenet_ditt.no/cp-install) i nettlesaren din.
  2. Fylg framgangsmåten på skjermen.
  3. Start å podkasta!

Med kommandolina

  1. Lag ei .env-fil i rotmappa til pakka, basert på .env.example-fila.

  2. Gjer klar databasen ved hjelp av:

    Terminal window
    php spark install:init-database
  3. Lag superadmin-brukaren med:

    Terminal window
    php spark install:create-superadmin
  4. Gå til styringspanelet for å byrja med podkasting!

Epost/SMTP-oppsett

Epostoppsett er naudsynt for at nokre av funksjonane skal verka skikkeleg (td. epostar for å nullstilla passord, senda rettleiingar til abonnentar oa.)

Du kan skriva inn epostoppsettet for nettstaden din i .env-fila slik som dette:

# […]
email.fromEmail="epostadressa_di"
email.SMTPHost="smtp-tenaren_din"
email.SMTPUser="smtp-brukaren_din"
email.SMTPPass="passordet_ditt"

Val for epostoppsett

VariabelnamnTypeStandardval
fromEmailstrengudefinert
fromNamestreng"Castopod"
SMTPHoststrengudefinert
SMTPUserstrengudefinert
SMTPPassstrengudefinert
SMTPPorttal25
SMTPCrypto["tls" eller "ssl"]"tls"

Lagring av media

Mediefiler blir lagra i mappa public/media i filsystemet som standard. Viss du må flytta mappa media til ein annan stad, kan du skriva det inn i .env-fila som vist under:

# […]
media.root="media"
media.storage="/mnt/storage"

I dette dømet blir filene lagra i mappa /mnt/storage/media Pass på at du oppdaterer vevtenaroppsettet med denne endringa.

S3

Viss du helst vil lagra mediefilene dine på ei S3-kompatibel lagringseining, kan du skriva det inn i .env-fila di:

# […]
media.fileManager="s3"
media.s3.endpoint="s3_verten_din"
media.s3.key="s3_nykjelen_din"
media.s3.secret="s3_løyndomen_din"
media.s3.region="s3_regionen_din"

Oppsettsval for S3

VariabelnamnTypeStandardval
endpointstrengudefinert
nykjeltekstudefinert
løyndomtekstudefinert
regiontekstudefinert
byttetekstcastopod
protokolltaludefinert
stilendepunktboolskusant
keyPrefixtekstudefinert

Pakker frå brukarsamfunnet

Viss du ikkje vil bry deg med å installera Castopod manuelt, kan du bruka ei av pakkene som brukarsamfunnet har laga.

Installer med Yunohost

Yunohost er ein Linux-distribusjon som er bygd på Debian GNU/Linux og som inneheld frie og opne program. Yunohost tek seg av det meste som har med oppsett av eigen vevtenar å gjera.