Korleis oppdaterer eg Castopod?

Når du har installert Castopod, kan det vera lurt å oppdatera nettstaden din til siste versjonen for å få nye funksjonar, ✨, feilrettingar 🐛 og betre yting ⚡.

Korleis du oppdaterer

  1. ⚠️ Før du oppdaterer, rår me sterkt til at du tek ein tryggingskopi av filene og databasen til Castopod.

  2. Gå til utgjevingssida og sjå om nettstaden din er oppdatert til den siste utgåva av Castopod

  3. Last ned den siste utgåva som heiter Castopod Package, du kan velja mellom zip- eller tar.gz-arkiv

    • ⚠️ Pass på at du lastar ned Castopod-pakka, og IKKJE kjeldekoden
    • Hugs at du kan lasta ned den nyaste programpakka frå castopod.org
  4. Gjer dette på tenaren din:

    • Slett alle filene utanom .env og public/media

    • Kopier dei nye filene frå den nedlasta programpakka over til tenaren din

      ::: Hugs

      Det kan henda du må nullstilla filtilgangane til det dei var under installasjonsprosessen. Les tryggingsspørsmåla.

      :::

  5. Oppdater databaseskjemaet ditt på Castopod admin > Om-sida, eller ved å køyra:

    php spark castopod:database-update
    
  6. Tøm mellomlageret på Castopod admin > Innstillingar > generelt > Opprydding

  7. ✨ No er du ferdig og kan bruka den flotte nye nettstaden din!

::: Hugs

Det hender at ugjevingar har sine eigne oppdateringsinstruksar (sjå utgjevingssida).

:::

Heilautomatiske oppdateringar

Kjem snart... 👀

Vanlege spørsmål (FAQ)

Kvar finn eg Castopod-versjonsnummeret?

Gå til styringspanelet for Castopod. Versjonsnummeret står nede i venstre hjørna.

Eventuelt kan du finna versjonsnummeret i app > Oppsett > Constants.php-fila.

Eg har ikkje oppdatert på lenge… Kva skal eg gjera?

Ingen problem! Berre få tak i siste utgåva som skildra over. Hugs berre å utføra utgjevingsinstruksjonane (4) i rekkjefylgje frå eldst til nyast.

Du bør truleg tryggingskopiera nettstaden din, avhengig av kor lenge sidan det er du oppdaterte Castopod.

Viss du til dømes er på v1.0.0-alpha.42 og vil oppgradera til v1.0.0-beta.1:

  1. (stekt tilrådd) Ta ein tryggingskopi av filene og databasen din.

  2. Last ned siste utgåva, erstatt alle filene utanom .env og public/media.

  3. Gå gjennom alle oppdateringsinstruksane frå eldst til nyast. Start med v1.0.0-alpha.43, v1.0.0-alpha.44, v1.0.0-alpha.45, …, v1.0.0-beta.1.

  4. ✨ Ferdig!

Bør eg tryggingskopiera før eg oppdaterer?

Gjer det, slik at du ikkje mistar alt viss noko går gale!

Generelt rår me til at du tek tryggingskopi av Castopod-filene og databasen din slik at du ikkje mistar alt…